| |
1.
Her ser vi Sigrid. Klokka er ni om morgonen, det er januar, og det er lyset i januar i 2008 som skarpt, men tilforlateleg fyller rommet, med ein fargetemperatur på 5600 grader kelvin, som er den vanlege fargetemperaturen for dagslys, og som såleis er den fargetemperaturen ein brukar i pærene i dei store lyskastarane ein innimellom, dersom ein skal simulere dagslys i eit rom i ein film, må stille opp utanfor vindauget og skru på, så dei lyser inn gjennom vindauget, med det som for oss, som går forbi på utsida og berre ser lyskastarane, men ikkje effekten det har inne i rommet, verkar som eit altfor sterkt lys til å skulle simulere dagslys. Vel: Sigrid sit, i dette naturlege dagslyset, ved skrivepulten som står inntil den eine veggen. Ansiktet hennar er tenksamt, og kring ansiktet heng det hår, hår som ho no og då dreg i, utan å vite om det, truleg, for ansiktet til Sigrid avslører at ho er oppslukt av det ho ser på, og som ho held opp framfor seg: eit lite miniatyrportrett i svart-kvitt, av ein mann, på ei bok. Når ho er oppslukt på denne måten, får ansiktet hennar eit hengande preg. Det kan nesten sjå ut som om det som held ansiktet oppe, er auga, for dei er vakne og stirande. Midt i auga til Sigrid ser vi pupillane: vi blir dregne inn mot pupillane til Sigrid, som er heilt svarte og stengde for oss, som punktum! endå vi skulle ha likt å tenke oss at vi kunne stire oss vidare gjennom pupillane som gjennom ei svart lita trakt, stire oss inn i hovudet hennar og bli oppslukte, og bli tankane i hovudet hennar, bli som vatn i vatnet, luft i lufta, kjøtet i handa som held dette arket, eller treet i treet som står utanfor vindauget hennar og dirrar i januarlufta og ikkje veit om at ho veit om at det eksisterer!
Sigrid er tjuetre år og studerer litteratur på universitetet i Bergen. Ho er ein slik litteraturstudent som har biletet av litteraturteoretikarar hengande på veggen, kopiert opp frå lærebøker og festa til veggen med ein klump kvitt kitt, som viser gjennom kopipapiret på toppen av arket. Ho er også ein slik litteraturstudent som har ein reproduksjon av van Gogh sine solsikker på veggen fordi dei betyr noko for henne (det er noko med det gule og groteske, det nyleg utsprotne og det visna, «liv» og «død», det håplause i måten solsikkene vrir seg ut av vasen på og står der og heng med sine absurde, einauga ansikt). (Noko med at dei er så einsame, men samstundes så groteskt utbretta.) Og ho har mykje ho gjerne vil fortelje, til nokon som naturlegvis vil høyre på. Vanlegvis snakkar ho med Magnus om dette, ting ho ser, ting ho har lese, ting ho har tenkt på, ting ho har analysert, tenkt og tenkt på mens ho har pussa tennene, lagt seg, dusja og ete frukost neste morgon, ting som har utvida seg til å bli meir enn ting, ting som har grodd seg gjennom henne som ei diger solsikke som no fyller heile henne sjølv og stirar henne i ansiktet frå innsida av hovudet med sitt digre, einauga ansikt, heilt til ho er i ferd med å sprekke og ringer Magnus for å fortelje om det. Men Magnus har flytta til Oslo og fått kjærast, og sjølv om ho trur at det ein eller annan gong må bli slutt mellom dei to, fordi det jo trass alt er ho sjølv og Magnus som er det heilt openberre paret, har ho ei sterk kjensle av å ha tapt nok ein gong. Nok ein gong har verda stengt for henne og sagt: du! Du kan gå tilbake til hovudet ditt.
Då Sigrid var barn, brukte ho å knyte seg til ting i naturen i mangel på kjensla av kontakt med menneske. Ho knytte seg til fjella bak huset og særleg stjernene, stjernene over fjella om natta. Ho brukte å sitte i senga si som stod heilt inntil vindauget, med haka i vindaugskarmen, og sjå opp på fjella, som ofte var heilt kvite fordi det liksom oftast var vinter når ho sat slik, og såg på fjella nesten heilt lysande kvite, og på Karlsvogna som stod og skein over fjella, og som sakte rørte seg bortetter. Og på alle dei andre stjernene såg ho, på korleis dei tindra og tindra, som om dei levde. Og Sigrid såg opp på dei og tenkte: de forstår meg. Om ingen andre forstår meg, så er de der alltid! Ho kunne få tårer i auga, for ho følte så sterkt at det var eit samband mellom henne og stjernene. Dei var henne, og dei kvite fjella var henne, og den svarte himmelen.
Heldigvis løfta Jon English innimellom opp haka hennar med ein finger, og hovudet hennar som hadde vore bøygd tankefullt og med langt mørkt hår (tenkte ho seg), blei såleis sakte og håpefullt løfta av denne fingeren til Jon English under haka, og ho såg rett inn i eit par auge som var så klare og blå og fulle av kjærleik og forståing. Akkurat slik auga hans strålte i Mot alle vindar. Og Sigrid strålte tilbake. Og ein dag, tenkte ho, mens ho sat med haka i vindaugskarmen og såg på stjernene, skulle dette skje, også i røynda, skulle ho sitte slik med hovudet tankefullt bøygd, skulle nokon løfte haka hennar opp med ein finger.
Med andre ord. Sigrid skin også sterkt, hennar indre er også lysande, men det er ikkje så mange som har sett det enno, dette hennar hemmelege, gneistrande lys. I alle fall ikkje Magnus, det er jo heilt tydeleg. Og Jon English har ho heilt gløymt. Men akkurat no, her ho sit, med denne boka med forfattarportrettet, har ho derimot ei rar kjensle av at det kanskje ikkje gjer noko, dette med Magnus. Her om dagen gjekk ho nemleg inn på ein bokhandel, slik ho som vanleg gjer når ho ikkje har nokon stad å gå og ikkje vågar å gå på kafé åleine fordi ho ikkje orkar å først mote seg opp før ho går inn, og deretter mote seg opp kvart einaste sekund ho sit der og openbert ikkje har nokon å gå der med, vel, ho gjekk altså inn på ein bokhandel. Det var ein slik dag då ho gjekk ikring og kjende seg som dei kvite fjella og stjernene og den svarte natta. Som ingen ingen såg. Ho gjekk der mellom hyllene og drog ut den eine boka etter den andre, og så drog ho tilfeldigvis ut ei bok som hadde den fantastiske og livshåpssusande tittelen En ledig stol. Det var jo akkurat det ho leita etter. Ein plass ho kunne sitte, i tilværet. Nokon som ville at ho skulle sitte der, hos dei. Og då ho snudde den for å sjå på baksida, møtte ho blikket til ein forfattar, Kåre Tryvle. Ja, det var nøyaktig det som skjedde, følte ho, han møtte blikket hennar, Kåre Tryvle. Ho blei ståande og sjå på ansiktet hans. Ho syntest at han var svært pen, det er klart, han var mørk og noko Jon Englishaktig i sin firkantaktige utsjånad, ein slags distingvert Jon English, men det var blikket i det ansiktet som ho blei ståande og sjå på. Det var som om det såg rett inn i henne, som om ho berre hadde tusla ikring og kjent seg endelaust einsam, og så var der, inne i bokhyllene, eit slikt blikk som såg dette, hennar endelause einsemd. Eit blikk som på ein måte sa: hei, du. Det kan godt vere at ho kjende det slik på grunn av den illusjonen som oppstår av bilete med blikk som ser rett i betraktaren (målaren eller fotografen): uansett kvar du stiller deg i høve til eit slikt bilete, har du liksom augekontakt. Og det kan i alle høve godt vere det var ein smule koko å kjenne noko slikt, at han såg henne, men dette reflekterte ikkje Sigrid over i det heile, ho berre følte eit himmelropande og magesugande åh, som førte til at ho tok eit steg bakover, noko som førte til at ho rygga inn i ei barnevogn som var på veg mot henne, og ho måtte seie: orsak! til mora med barnevogna, og mora med barnevogna sa: det går bra, det er veldig trongt her. Og så måtte mora med barnevogna seie, fordi Sigrid hadde falle inn i ein slags transe som gjorde at ho ikkje fekk med seg at ho var deltakar i verda sine vanlege rørsler, som det å flytte på seg viss nokon skal forbi ein med barnevogn, – eg lurte også på om du kunne flytte deg litt, eg skal bort til enden av alfabetet, og dette gjorde at Sigrid raudna og såg på boka ho heldt, og sa, ja, eg står visst på t, beklagar igjen, og så måtte ho flytte seg så barnevognsmora fekk kome bort til enden av alfabetet, og ho fekk snu seg vekk frå henne for å skjule kor raud ho var i ansiktet, ei raudning ikkje berre på grunn av pinleg situasjon framfor enden av alfabetet, for var det ikkje litt utruleg? Symbolsk, på eit vis, at ho hadde stått her med denne boka i handa med dette blikket som liksom hadde stått der og venta? Det måtte jo på ein måte vere styrt? På ein slik fjell- og stjernedag som dette, at det kom ei b a r n e v o g n og dulta inn i henne, i same stund?
Og då ho seinare kom heim og las dikta følte ho at alle dikta hans var heilt slik som det blikket. Som om det såg rett inn. Dikta sa ting rett ut: «Sitt her,» stod det, rett etter at boka hadde sitert César Vallejo: Älskade vare de som sätter sig. Ho fekk tårer i auga. älskade vare de som sätter sig. Ho kunne sjå på portrettet og stryke over boka og tenke: vi forstår kvarandre. Men du veit det ikkje. Du Kåre, tenkte ho, sjølv om ho merka at når ho tenkte namnet hans, blei det liksom ikkje heilt naturleg. Ho prøvde av og til å seie det høgt, k å r e, men stemma blei på ein måte fordreidd når ho sa det, det var ikkje noko naturleg namn å seie. Ho hadde til og med slått opp i ei namnebok for å finne ut kva det betydde, og det betydde ikkje, som ho hadde håpt, «sjåaren » eller «vern» eller «heim», eller noko slikt høgverdig og med ein symbolsk peikepinn om at han faktisk var den som ho hadde leita etter. Kåre betydde «den som har krøllete hår». Men det gjorde trass alt ikkje noko, det endra ikkje på det mystiske bandet som ho så inderleg følte mellom seg sjølv og blikket hans på baksida av boka. Det var liksom som om det var verkeleg, som om ho visste kven han var.
|
 |