| |
Kjartan Fløgstad:
EDELWEISS
Skyene. Framleis kunne han sjå dei. Som lydlause kvite elefantar over himmelen. Og vognene på Kabelbanen, og Jerry Dørmænen som gjekk att og fram og pensa dei over frå inngåande til utgåande kabel. Og Hadle Hidle, som var blitt skiftbas, fordi kompisane hadde spurt han om å søka på jobben, og gjekk på arbeid i finstas, og tok på seg lagerfrakk når han var framme, og passa på at lossinga gjekk radig og at kabelen drog vognene frå lossetårna og opp på tipp. Og det gjorde den, for det meste. Når noko gjekk gale, var Hadle Hidle i fremste linje for å ordna det. Han var den flinkaste arbeidskaren, den som drog opp tempoet. Det er noko med alt, sa Hadle Hidle når Sigfred Lima og slike gjorde feil på kabelspleisinga. Eller: Det er mykje allslags. Men aller helst sa han ingenting, konsentrerte seg berre om arbeidet, og drog dei andre med seg. Og Hadle-sonen, han Helge Hidle, voks opp i motsats til faren sitt bilde, til å bli ein mager og knoklete og klønete gut. Både med, og særleg utan klær såg det ut som om alle bein i kroppen hans var brekte, og hadde vakse fort og gale saman igjen. Dei store føtene, eller pailabbane, som Hadle sa, med skonummer 47 eller 48, peika i hytt og i vêr, anklane såg ut som knyttnevar, handledane som utvekstar, akslene stakk opp som tindar på overkroppen, ja, sjølve hovudet til Helge Hidle virka som ein knokkel på toppen av ei fluorforgifta beingrind. Både alderen og fasongen var sikkert med på å gjera han klønete og ueigna til praktiske gjeremål. Frå sin knoklete kropp vende Helge Hidle seg innover, mot dydene i sinnet. Han var ein lesar, som var sterkt for det gode, slik det gode blei framstilt i aviser, radio og bøker. Dette trudde han på; Helge Hidle var ingen opprørar, eller rettare sagt gjekk ungdomsopprøret hans ut på ikkje å læra seg alle dei praktiske kunnskapane og ferdighetene som Madli og Hadle Hidle meistra til saman. Helge Hidle nekta å læra seg skilnaden på slissing og sinking, eller korleis ein klinka ein spiker. Dykkers og vengemutter. Slike ting. For ikkje å snakka om spøting og hekling og sying og safting og sylting og bøting og stopping. Han protesterte ikkje høglydt, saboterte berre stille og inderleg heile denne kanon av praktisk lærdom. Det var Helge Hidle sitt ungdomsopprør. I staden for denne praktiske kunnskapen las han, las alt som kom i hans veg. Fabrikkarbeideren, som var bladet til Norsk Kjemisk, Smeltedigelen, som var bladet til bedrifta, og UCC World, bladet til Korporasjonen, som fortalde om korleis verda fortonte seg frå 50. etasje i ein skyskrapar på Manhattan i New York. Fugleperspektiv, men utan venger. Sonen til Madli og Hadle prøvde, og lukkast godt med å bli noko for seg sjølv.
Men Helge Hidle var kantete også på andre måtar enn den kantete kroppen. Lenge gjekk han rundt og hevda at Hadle og Madli ikkje berre hadde betalt skulda på huset på Egne Hjem. Dei hadde betalt skatten også, ein gong for alle. Saman med skulda på huset. For det hadde han Hadle sagt. Og når Helge Hidle først hadde stilt seg bak eit slikt synspunkt, var han ikkje den som trekte seg, og gjekk med på feige kompromiss. Foreldra hadde betalt skatten, og skulle aldri gjera det meir! Ikkje så mykje som ei krone! Verken nå eller seinare! Slik var det med den saka.
Eller augustkveldane, når vi sto på hjørnet ved Frelsesarmeen og snakka om kva vi skulle bli. Helge Hidle ville bli magister i statsvitenskap, Jan Thu ville bli nabo, Freddy Lima 2. størmann på Lovrangerfjord, Kjempe-Kjekken ville bli slagersongar og tena rått med pengar, slik som Frank Sinatra og Arne Bendiksen, og eg ville bli krankjørar på eit av lossetårna. Og ja, altså, magister i statsvitenskap! Så sa Helge Hidle at han ville bli, og vi andre, kva anna kunne vi enn å sjå på kvarandre og seia:
«Hæ?»
Eller kven som var den beste skøyteløparen, Hroar Elvenes eller Sverre Haugli? Helge Hidle heldt på Haugli, uansett kva som hende på Banen eller kva resultatlistene fortalde. Sjølv meinte Helge Hidle også at han var den beste til å pissa langt, med personleg rekord på over fire meter rosa stråle, ein meter for kvar liter utblanda bruspulver han hadde fått i seg. I sommarhalvåret rasa debatten om kven som var den beste plateryttaren på Radio Luxemburg. Var det Barry Alldiss, eller var det nykommaren Tony Hall, med sitt evinnelege motto «That’s it and that’s all, from your sincerly Tony Hall». Eller var det tipseksperten Horace Bachelor, «Talking to you from his home in Bristol»? I slike spørsmål sto også Helge Hidle fjellstøtt på sitt, som var Barry Alldiss, det måtte jo alle forstå. Viss han då ikkje velta heile spelet, og sa at Willis Conover gjekk langt utanpå alle på Radio Lux, og både Jan Thu og Freddy Lima berre måpte og sa «Hæ?» endå ein gong.
Dessutan var Kjempe-Kjekken Frank Charles Tråskår langt frå den einaste som hadde vore ute i den store verda og sett seg om og fått nye impulsar. Her må vi gå eit stykke bakover i tid. Sommaren før han skulle ta til på gymnaset var Helge og Søster Østers Hidle med foreldra på tur nedover heile Telemark i den nye bilen, over Meheia og inn til Oslo. Helge Hidle var ikkje den som skrytte av slike bravadar, når han møtte sine mindre bereiste klassekameratar igjen. Taus og verdig sto Helge Hidle i skulegarden og venta på at spørsmåla skulle dukka opp av seg sjølv.
Kor han hadde vore i ferien? Jo, hm, ein liten tur austover. Ikkje heilt til Oslo, vel? Jo jo, Oslo, klart det. Kjørte gjennom Sinsenkrysset, ikkje noko problem det, om du berre passar på. Og Oslo var grei nok den, når du berre veit koss du skal ta trikken og alt det der. Og det er jo ikkje så vanskeleg når du først kan det. Men lærast må det jo.
I det heile var det ufatteleg mange feilaktige idéar om bylivet i hovudstaden og andre stader som hadde fått spreia seg blant skulekameratane til Helge Hidle. For eksempel hadde Jan Thu lese i vekebladet Vi Menn at den raude telefonboksen nede på baksida av Rådhuset var den finaste telefonkiosken i verda. Bilde og alt hadde Jan Thu sett, som viste at det stemde, det var den kiosken og ingen annan. Til slikt prat kunne ikkje Helge Hidle anna enn å trekka på skuldrene og le hånleg. På reisa si til hovudstaden hadde han nemleg sett minst ti prikk like telefonkioskar, berre i Oslo sentrum. Slik at det å komma her og påstå at telefonkiosken nede ved Rådhuset var den finaste i verda, når det sikkert fanst hundrevis av andre som var like fine –, så var det, ja, kva skulle ein bereist mann som Helge Hidle seia, anna enn at det berre blei for dumt.
Men dei trafikkale og estetiske sidene ved storbylivet var nå så si sak. Det som hadde gjort størst inntrykk på Helge Hidle, var nok kinoen Colosseum, der han hadde vore og sett storfilmen Edelweiss med Julie Andrews og Christopher Plummer i hovudrollene.
Edelweiss? Eg trur det var Kjempe-Kjekken som spurde først. Jo, det var nok han, rimeleg nok.
Vi sto i trappa utanfor hovudinngangen på skulen og forundra oss, alle som ein:
Edelweiss? Mon tru kva slags film det kunne vera?
Jo, den kjem nok på kino her òg, når det lir på. Viss framvisarutstyret er godt nok på slike småkinoar som her. Då kan de berre gleda dykk. Edelweiss, Edelweiss, every moment you greet me, nynna Helge Hidle på veg inn i klasserommet. You look happy to meet me.
Å, ja, jo, det er jo Sound of Music, det, sa Kjempe-Kjekken. Det var den du meinte, var d’ikke? Den med Julie Andrews og alle di englebarna?
Svaret til Helge Hidle var truleg det mest avgjerande han kom med under heile oppveksten.
Nei, Edelweiss, sa han. Det er det den heiter. Edelweiss. Eg har sett han sjølv på Colosseum i Oslo. Og det er meir enn kva du har.
Det hadde ringt ut frå tredje time. Ingen svarte, mange tenkte sitt.
Den heiter Sound of Music, altså, sa Jan Thu i neste friminutt, og uttrykte det svært mange tenkte.
Å ja? Du har kanskje vore i Oslo og sett den sjølv, du?
Røysta då Helge Hidle svarte, hadde fått ein liten, men tydeleg kvass kant. Det var som om knoklane i kroppen hans voks endå litt, trengde seg lenger ut av kroppen, pressa seg gjennom huda og klærne og strupen hans. Ein kan seia mykje, men musikalsk var han ikkje.
Han såg kvast på den ikkje altfor gløgge og overkloke Jan Thu, som såg ned, og måtte vedgå at nei, det hadde han nå eigentleg ikkje. Men han hadde lese mykje om den i avisa, og sett bilde.
Det kokte i Helge Hidle, men han klarte å styra seg og sjå overberande ut.
Nettopp, sa han. Så sa han ikkje meir. Med ei verdig mine gav han seg i staden til å dyrka tilgivingas edle kunst.
Då sa Kjempe-Kjekken Tråskår høgt og tydeleg at det trudde han òg. Det var då Sound of Music den heitte? Altså den storfilmen om hu nonna og alle di ungane der nede i Alpene. Det var da noe alle visste. Var d’ikke?
Mumling og nikking. Sto ikkje den lysande vakre Janne Angelika Thu der og kniste, ho også?
Helge Hidle såg seg rundt, såg ut over denne flirande øydemarka av kunnskapsløyse og naiv tiltru til lesefrukter og avisskriverier, sett opp mot hans eiga, sjølvopplevde erfaring.
Han bles i nasen, snudde ryggen til, men sa ikkje noko, tok berre til å gå bort frå denne sørgelege forsamlinga av uvitande heimføingar.
Bak han var det ein som først nynna I talk to the hills, og som så ropte, ganske lågt:
With A Sound of Music. Sound of Music! Sound of Muuusic!
Helge Hidle bråstoppa. Så snudde han seg, sakte, såg etter syndaren, som kunne vera kven som helst, og alle saman, og sa:
Kva var det du sa?
Eg sa Sound of Music.
Vil du ha juling, eller?
Meir sa han ikkje. Meir fortente dei ikkje. Med raske steg gjekk Helge Hidle og låste opp kodelåsen på sykkelen sin. Så svinga han seg over stanga og gjorde ikkje meir utav det, ikkje før neste gong han møtte ein stakkar som sa Sound of Music. Då bråbremsa Helge Hidle, heiv frå seg sykkelen så hjula spann i grusen, såg på syndaren, og fikte til han. Ein solid øyrefik, ikkje meir.
Dagen etter, i neste friminutt, blei det ropt Sound of Music frå alle kantar av skulegarden. SOUND OF MUSIC ljoma det mellom dei høge murveggene. Det var aldeles fortærande. Her hadde Helge Hidle sjølv føretatt ei reise gjennom heile Sør-Norge på tvers, meistra farane ved bylivet, passert det sagnomsuste Sinsenkrysset, kjørt to stasjonar med bytrikken, reist med undergrunnsbanen til Valkyrie plass og Majorstua, gjort rede for seg i billettluka, site under den høge domen på Colosseum kino og med eigne auger sett storfilmen Edelweiss. Og så skulle han finna seg i å bli motsagd av stakkarar som knapt hadde vore ute av Kyrkjegata i ferien, kanskje til nød ein tur på hytta til foreldra i Maldal, gått i heia og sett om sauene til besteforeldra, eller vore som snarast ute i Imsland og bada i brakkvatn, ikkje i skikkeleg sjøvatn eingong. Og likevel trudde dei at dei kunne komma her og fortelja han om det han sjølv, i motsetning til alle andre, hadde sett med sine eigne auger. Ein del gjekk det an å finna seg i, men her gjekk grensa!
Det var fortærande. Det kokte i Helge Hidle, i heile den knoklete kroppen og den kantete hugen hans. SOUND. OF. MUSIC. Kvar gong han høyrde desse tre formastelege orda bli uttalt bak seg, bråsnudde han, og tok opp jakta på mistenkte gjerningsmenn.
Kva var det du sa?
Eg sa ingenting, eg.
Du sa Sound of Music!
Det gjorde eg ikkje.
Det gjorde du nettopp, det!
Det gjorde eg ikkje, det så.
Neste gong får du deg ein rett på trynet!
Men det var ikkje meg.
Heile hausten hadde Helge Hidle hendene fulle og vel så det med å slå hardt ned på vranglære og meiningslause åtak på eiga erfaring som veg til kunnskap og sann erkjenning.
Så hadde storfilmen med Julie Andrews og Christopher Plummer i hovudrollene premiere på den kommunale kinoen.
I glaskassen utanfor aviskiosken til Moen ved Broen, og utanfor Ritz Kafé var det hengt opp glorete plakatar, der ei syngande Julie Andrews svevar rundt med ungeflokken på slep og Christopher Plummer og alpetindar i bakgrunnen, under titelen SOUND OF MUSIC i mektige bokstavar.
Det kunne vore det endelege nederlaget. For alle andre. Men nei, langt ifrå. Ikkje for Helge Hidle. Han dempa berre aggresjonsnivået, og sa verdig, og med roleg stemme at ja, den heiter det i dei versjonane som blir sende ut til bygdekinoen, og til kommunale småkinoar, slik som her, for at det skal bli lettare å forstå. Men på Colosseum i Oslo og liksom der, på slike kinoar i storbyane, der originalversjonen går, der heiter den Edelweiss.
Idet han sa det, gløtta Helge Hidle særleg på Janne Angelika Thu, som blei sprutraud, og såg ned. Vi andre høyrde tålmodig på. Ingen sa noko. Frå då av kunne vi seia både Sound of Music og Edelweiss, og vera sikre på at Helge Hidle tente på alle pluggane, og sette etter syndarane med alt det sinnet han hadde plass til i den knoklete kroppen sin. Han hadde gjort ei erfaring, ei eineståande erfaring som han var aleine om, og som skilde han frå alle andre. Djupe erkjenningar og ny kunnskap er ikkje alltid lett å bera. Nå var det ikkje lenger spørsmål om kva som var sant og rett, og kva som stemte og ikkje stemte. Med styrke og kraft forsvarte Helge Hidle retten til å gjera eigne erfaringar, og stå inne for det han hadde lært. Og slik hugsar han denne vinteren, i lys av andletet til Janne Angelika Thu, på innbiten jakt etter å tukta dei som ropte SOUND OF MUSIC, men endå meir dei som minte han om kor skrøpeleg erfaringa er, misbrukte hans eigne ord utan å ha rett til det, og kviskra Edelweiss bak ryggen til Helge Hidle.
GRAND MANILA
Eg kom heim igjen som passasjer med rutebåt
På veg frå båten såg eg gutta: Eg veit namna
Dei hoiar på meg som ein gammal rockelåt
Dei seier: Her er det vi har hamna
Ja, her er hamn med lossetårn og kai
Med leider, trosser, pullertar og buler
Men vidare bort herifrå går ingen veg
Og ingen drosje er å sjå og skipsfløytene uler
Det er ein stad der draumar dør
Og livet går igjen på denne staden
Her har eg gått og komme før
Og reist att med den tidlege westamaranen
Eg hadde kjøpt meg postkort, bøker og avis
Du skulle berre sett dei lange fjesa
Då eg opna bilaget til søndagsutgåva av El País
Men det er altfor mørkt her til å lesa
Eg stakk jo berre innom. Eg fekk sjå
På dei som er fortapt men ikkje temma
Her er eg berre to–tre halvliterar frå
Her er eg nesten hjemma
Dei snakkar alltid til dei begynner med å grina
Dei bannar, ber. Forbøn, forbanning.
Så er pina død. Det var hu fina
Eg elska. Og det er faen ikkje jug, men sanning
Når friskifta er 8 timars indre tvang
Då er dei faen ikkje verde filla
Når du har fri til å gå i kjellaren på Grand
Til sviresøstrene på Grand Manila
Ikkje samhald lenger eller klassekamp
Den tavla strøyk han ut med fuktig svamp
Det gjekk så lett med damene, så lett på skolen
Men endå lettare med alkoholen
Her blir eg fudle når eg vil bli full
Og jenta som er snill med meg vil bli hu snilla
Og det er meg, men faen om det er mi skuld
Om eg blir drita her på Grand Manila
Det finst gode kompisar, og ikkje dårleg vêr
Og fylla finst, og sprøyta, lykkepilla
Eg skriv på kortet: Nå skulle du ha vore her
Og levd livet lykkeleg på Grand Manila
Til klangen når metall fell mot metall
I nederlag, fortviling, undergang og skade
Om han ikkje går, men fell: i alle fall
Eg høyrde han sa enten Hades eller Ha det!
Han har tatt på seg ytterplagg
Så er han borte, heilt gåen eller ganske gått
Håpet vårt er lysegrønt som storkna slagg
Mellom her og nå står tette skott
Vi nærmar oss den store store stilla
Vi kvervlar ned og fell som haustens lauv
Vi strekker oss mot seidelen med Tou Manila
Som var det bergingsline av Manila Tou
Eg må nok bli her natta lang
Men eg har vore her for lenge til å skilla
Mellom dei som bur ei natt på gjestehuset Grand
Og dei som løper lina ut på Grand Manila
|
 |