bilde web top
 
 
 

Paal-Helge Haugen
Kvartett

 
Passasje er bok III av Kvartett 2008 bok I er Gs bok
bok II er Dantes oske
bok IV erVisum

Passasje

I

SÅ BYRJAR regnet å falle
igjen, tunge dropar tvers over grusvegar
over marker og bakgater fasadar og innsider
Eit bevegeleg vått hylster
sidelengs mellom kroppar og røyk
og poplar frå eit anna hundreår

og ei huske, ei tom huske
ei huske i regnet, gynginga
av ein kropp som var der

like ved inngangen
til ein trang umarkert passasje
av minne, avbrotne
som eit morsesignal

Ein passasje gjennom luftmassar
over skydekke under smertegrense
mellom gledepunkt
lågt nede ved jorda

der tida blir verande
utan å kaste skugge

der vi blir verande og ventande
der, ved svevnens utpostar

 

DET ER EIT KART i regnet, eit kart
mellom hendene, det held på å forsvinne
Ei klossete skisse som blør territorium
ut over kanten og ned
i ei tilfeldig rist; billig blekk
som blandar seg med utslagsvatn
og utvaska restar av noko
som vanskeleg lar seg identifisere
i regnets tidsalder

Kanskje var det vegen til verdenshavet
Kanskje ikkje

Regnet løfter store byrder
av resirkulerte havflater, løfter dei opp
og ber dei med seg, pakkar dei
kring flytande spørsmål og oppløyste svar
som søkk nedover og druknar
i regnets kvite støy, ein samtale
som renn i alle retningar
og ikkje lar seg destillere
dersom du skulle forsøke

Du ror deg gjennom regnet utan kart
og forsøker ikkje

 

KANSKJE DETTE inngangen
til ein eller annan stad
eit avvikla område som er blitt ståande
lenge etter at det er borte
Dørkarmar trappehus rekkverk i lufta
og eit system av ekko gjennom sjakter
mellom veggar som ein gong var veggar
i tida før regnet

Restar av asfalt som graset har overtatt
Eit halvvisna utbrotsforsøk
i lyden av bildekk og krengande sporvogner
som kjem eller forsvinn
i regnet som væter alle lydar

Her er vi, utan tvil

i enden av den tomme gata
eit trafikklys som blinkar gult
gult

Dei som var her er borte
Dei som skal kome
er ennå ikkje komne

 

DETTE ER DAGEN med dei døde i gatene. Ei gammal venn-
inne som snur seg og ser på deg, over skuldra, medan ho
står og ventar på trikken, ho har vore død i ti år, framleis
dei same brillene, det same blikket som alltid har sett tvers
gjennom deg og den same håplause alpelua i ein lang urørleg
augneblink før ho trekker seg attende inn i andletet til
den som viste seg å vere ein annan og stig på trikken og
løyser billett

 

 

 

 

 

Ein gut du
kjende for ein menneskealder sidan som aldri er blitt meir
enn ti år kverv inn i mellomrommet mellom to avfallscontainerar
og du kan ikkje finne han att. Dette er dagen
med dei døde i gatene. Han hadde eit lyst lett kast med
håret og det løfter seg for kvart steg og legg seg ned
igjen, bak containerane


KVARTETT
 
 
   
  Foreningen !les l Øvre Vollgate 15 l 0158 Oslo l Tlf: 22 400 600 l E-post